Bokmelding: Berit Horn Bringedal

Farlege forskjellar

083-084

Michael 2026; 23: 83-84

doi: 10.5617/michael.13091

Trine Østereng

Farlege forskjellar: kvifor stor økonomisk ulikskap er eit samfunnsproblem

Oslo: Res Publica, 2025

202 s.

ISBN 9788282263214

Då eg las Trine Østereng si bok om ulikskap i Noreg, tenkte eg på Mullainathan og Shafirs bok om kva som skjer med hjernen vår når vi blir utsett for stor knappleik (1). Tankane blir besett av det du manglar, det blir det einaste som står i hovudet på deg, og dette forklarar kvifor det å ha lite betyr så mykje. Ein kan ha så lite mat at det dominerer heile livet, eller ein kan bli besett av at ein har for lite pengar, tid eller kjærleik.

I den informative og velskrivne boka er det særleg verknader av materiell knappleik Østereng tek opp, sjølv om ho òg syner at dette kan ha verknader langt ut over det materielle. Undertittelen Kvifor stor økonomisk ulikskap er eit samfunnsproblem syner at ho ikkje berre er oppteke av kva fattigdom har å seie for den einskilde, men òg i et samfunnsperspektiv. Ho gjev oss mykje relevant og god statistikk, og der det trengs, gjev ho lettfattelege forklaringar på tala.

Ein tilbakevendande diskusjon gjeld korleis vi måler omfanget av fattigdom. Er det beste målet kva den einskilde har i absolutt forstand, til dømes inntekt etter skatt eller i relativ forstand, til dømes sett i høve til medianinntekta i det landet der vedkommande bur? Det første målet kan gje ein peikepinn på kor trongt det er i hushaldet, om det er tilstrekkeleg til mat, klede og husvære. Det andre målet peiker på korleis hushaldet ligg an i høve til andre, og er ikkje berre eit mål på kor mange fattige det er i eit samfunn, men òg eit mål på omfanget av ulikskapen.

Østereng er oppteke av begge perspektiv, men legg vekt på ulikskap. I kapittelet Pengestress er det ikkje mangel på pengar ho drøfter, men det at vi samanliknar oss med andre, og at det å ha (mykje) mindre enn andre genererer stress. I kapittelet Fattigdom stel barndom, håp og helse nærmar ho seg fattigdom både frå individnivået – stress og skam som følgjer av knappleik for den einskilde – og frå samfunnsnivået, der fleire fattige fører til konflikt, oppløysing av tillit, svekking av demokratiet og forsterking av ulikskapen.

Størst vekt legg Østereng på kva politikk som bidreg til meir fattigdom og auka skilnader, og i siste kapittel føreslår ho seks vegar ut av forskjellsveksten. Dei seks vegane er eit endra skattesesystem, marknadsregulering, fleire med i fagforeiningar, heve fattigdomsgrensa, styrking av velferdsstaten og forsvar av demokratiet. Kva som er dei mest effektive verkemidla er stadig diskutert, både blant politikarar og forskarar. Fleire forsøk er på sin plass, og slik kan ein få betre kunnskapsgrunnlag for dei tiltaka ein set i verk. Med bakgrunn i Mullainathan og Shafir sin argumentasjon (1) ville eg først ha lagt vekt på å hindre at dei som har minst, slepp å tenkje heile døgnet på korleis dei skal få endene til å møtes. Det stel all merksemd og energi og hindrar ein frå å ta seg av barn, ha eit meiningsfullt liv, delta i samfunnet, tenkje på utdanning eller å få seg ein jobb.

Lesarar vil ikkje vere einig med Østereng i alt ho skriv, men at lange køar til matsentralar som går tomme for mat ikkje er ein velferdsstat verdig – det er det umogeleg å vere ueinig i, er det ikkje?

Litteratur

  1. Mullainathan S, Shafir E. Scarcity: why having too little means so much. London: Times Books, 2013.

Berit Horn Bringedal

Berit Horn Bringedal er sosiolog, dr.polit. og seniorforskar ved Legeforskningsinstituttet.